Litt om korleis eg arbeider

Med dører ut til min gamle hage har eg eit rom der du kan finne ro og der det er plass til alle slags tankar og følelsar.

Du er alltid den som styrer kva som skal snakkast om, jobbast med, kor ofte du vil komme osv. Ingenting er for lite eller flaut, ingenting for stort, skammeleg eller farleg. Eg har god tid, og sjølvsagt taushetsplikt.

FORANDRE
en kraft
en vilje
et åpent rom

— Stein Arne Nistad

Intensjonsmetoden

Vi arbeider i det vi kallar prosess ut frå ein intesjonsmetode. Dette er vanskeleg å forklare, og må helst erfarast. Nedanfor skildrar eg korleis det går føre seg:

Prosessen startar med at du formulerer ein setning, finn nokre viktige ord eller teiknar eit symbol e.l. for å uttrykke det vil du undersøke, jobbe med eller finne ut av. Dette kallar vi din intensjon. Så plukkar du ut inntil 5 ord/deler av teikning som vi skal jobbe med. Dei kallast resonanspunkt.

IoPT Bømlo - terapi, egenutvikling og formidling

Resonans

Resonans er eit ord som ofte er brukt om musikkinstrument. Ein gitar har ein resonanskasse, der tonane gir gjenklang. I denne samanhengen vert ordet brukt om at orda frå intensjonen din gir resonans/gjenklang i ein annan person. Denne personen kallar vi i IoPT-prosessen for ein resonansgivar.  Ein IoPT-prosess er avhengig av ein eller flerie resonansgivarar.

Orda du har valgt ut som resonanspunkt skriv du på lappar. Er du i ei gruppe, deler du ut lappane med orda til dei andre på gruppa, og ber dei gå i resonans med ordet dei fekk utdelt. Dei blir resonansgivarar for deg. Er du i enkelttime kan du vera din eigen resonansgivar og undersøkje dei orda du vil. Eventuelt kan du be terapeuten resonere med ord etter ord. Då er terapeuten resonansgivar.

IoPT Bømlo - terapi, egenutvikling og formidling

Givande erfaring

Korleis dette eigentleg foregår klarar vi ikkje pr i dag å forklara naturvitenskapeleg. Men det viser seg at eit menneske er komplekst nok til å “tune inn” på og uttrykke den andre sine komplekse historiar. Det å fange opp noko frå den andre sine psykiske strukturar og uttrykke det med heile kroppen er noko mange er skeptiske til før dei har prøvd. Gang etter gang har eg likevel erfart at dette er svært givande for klientane mine. 

Korleis er det å vere i ein IoPT-prosess?

For den som er resonansgivar kan både tankar, følelsar og bilder dukke opp. Kroppen kan uttrykke alle slags sinnstemningar. Det same kan skje med den som eig prosessen. Det kan foregå svært roleg og stille, eller noko meir dramatisk. Vi snakkar saman om det vi ser, korleis dei ulike resonanspunkta/orda er knytte saman, kva dei uttrykker og korleis Ruppert sine teoriar kan belyse det som skjer.

IoPT Bømlo - terapi, egenutvikling og formidling

Teori og metode heng saman

For meg er det meir og meir viktig at teorien og metoden høyrer saman og verkeleg resonerer med kvarandre. Utan teorien kan somme oppleve dette som veldig forvirrande. Teorien forklarer korleis ting heng saman. Difor deler eg alltid litt frå teoriane både i enkelttimar og i grupper. Samtidig er det slik at utan praktisk terapi kan ein ikkje komme i følelsesmessig kontakt med eigne livshendingar. Det er ikkje nok å forstå med hovudet for å hele traumer. 

Steg for steg, i ditt tempo

Mange har sagt til meg: “Å, nei, dette tør eg ikkje gå inn på! Det er altfor mykje til å handtere!”

Til det vil eg seie: Alt “ramlar ikkje ut” med ein gong i slike prosessar! Mi erfaring er at setningen din skaper ei trygg ramme for deg sjølv. Det er som om den seier: “Hit, men ikkje lenger denne gongen.” Det gjer at du kan ta dette i ditt tempo. Det heile er eit litt-etter-litt-arbeid der kontakten med deg sjølv og dine sunne deler byggest opp gradvis. Litt etter litt vil du oppleve at du blir trygg nok til å bearbeide sjølv dei såraste tinga i livet ditt.

MULIGHET
som å gripe
noe
eller noen

eller å la være

— Stein Arne Nistad

Siste frå bloggen