
Litt om meg
Eg heiter Astrid Ersland Sandvik og er oppvaksen på Bømlo, i Sunnhordland. Eg reiste då eg var 15 år og budde mange andre stader. Sidan flytta eg tilbake hit med eigen familie og har hatt gode år her. Her bur eg i eit gammalt hus ved sjøen på Rubbestadneset, og når eg ikkje jobbar med IoPT er eg ofte å finna “lost in the garden”.
Eg er førskulelærar og har jobba mange år i barnehage. For omlag 20 år sidan hadde eg ein lengre sjukemeldingsperiode og det var då denne reisa mot IoPT byrja:
Eg melde meg på kurs hos Marta Thorsheim. Ho driv i dag Institutt for Traumearbeid i Oslo. Eg fant noko eg ikkje hadde opplevd nokon andre stader. Så vart det kurs etter kurs.
I Dr. Franz Ruppert sin teori og metode som vi kallar IoPT, fann eg god psykologi og god terapi i ein pakke! Eg har i alle desse åra teke stadige oppdaterings -og vidareutdanningskurs og eigenterapi.
Eg er no pensjonist, men syns det er for gale at alt eg har lært både av teori og erfaring frå praksis med IoPT berre skal parkerast. Dette er jo det mest interessante eg har vore borti! Eller sagt med andre ord: Eg har ikkje lyst å slutte!
Difor satsar eg friskt nokre år til. Med det vil eg bidra til at IoPT vert betre kjent i Sunnhordland og at IoPT kan vere eit tilgjengeleg og godt terapi-valg for deg når livet vert innfløkt.
“Eg føler meg trygg og ivaretatt hos Astrid i IoPT-Bømlo. ”
— Kvinne (60)