Formidling

Eg held presentasjonar og foredrag etter avtale og arrangerer eigne informasjonskveldar for deg som vil lære meir om deg sjølv og om IoPT.

Astrid Ersland Sandvik

Presentasjonar og foredrag

Eg held gjerne presentasjonar og foredrag etter avtale. Min faglige bakgrunn som pedagog og IoPT-terapeut ligg i botn. Tema og vinkling finn vi i samarbeid, og ramma kan vere alt frå ein inspirasjonskveld heime hos deg saman med venner/klubb, til foredrag og undervisningsopplegg med IoPT- teori som fagleg plattform. Her er ein del av temaene som folk kjem med når dei søkjer IoPT-terapi. Desse kan også indikere aktuelle tema for presentasjonar. Ta kontakt for ein prat.

 
Ordsky.png
 

Folk treng folk.

Det blir haust, og mørkare om kveldane. Eg inviterer til uformelle kveldar med litt IoPT-informasjon, litt prat og ein stor kopp te. På grunn av begrensa plass i rommet mitt på Rubbestadneset ynskjer eg påmelding. Kjem du? Gratis sjølvsagt.

Lurer du på om IoPT kan vera noko for deg? Eller treng du berre å lufte deg litt, møte litt andre folk, dele tankar og erfaringar? Sjekk datoane framover og meld deg på! Det gjer du under timebestilling (sjå arrangement).