IoPT som teori og metode

Er du på leit etter noko som kan favne heile mennesket kan eg trygt vise deg til IoPT.

Kropp og psyke er samanvevd

Kropp og psyke er godt samanvevd og påverkar kvarandre gjensidig. Dette blir bekrefta gong på gong i IoPT arbeid. Det er heile mennesket som står i sentrum; EG som er fødd og held til i kroppen min. EG, og alt eg har opplevd.

Vi har så lett for å dele opp i små deler, objektivisere. Men t.d. om ein har angst er det jo tydeleg at det påverkar heile deg. Følelsar, tankar, indre organer som stressar, musklar som står i spenn, sosiale relasjonar osv. 

IoPT Bømlo - terapi, egenutvikling og formidling

Mange spørsmål

Mange har som mønster å tilpasse seg andre i alle samanhengar. Andre kjenner at dei på ein måte har kontakt med hovudet, men ikkje med kroppen. Vi kan føle oss skjøre, eller fragmenterte. Å skjule seg bak ulike masker er godt kjent; nokon av oss vert “usynlege”, andre tar på ei klovnerolle. Og nokre dagar kan vi surre rundt i tankekjør og ullne følelsar som er heilt utan retning og løysingar.  Kvifor blir det slik? Kor starta det heile?

Det er svar å finne!

IoPT-teorien er grundig og gjev gode og forståelege forklaringar på slike ting. Og ikkje minst; Her er ein farbar veg ut av gamle mønster. Dette er ein veg for å bli meir heil!

Tittelen som skjuler seg bak forkortinga IoPT er Identitetsorientert psykotraume-teori og -terapi. Det er eit langt og omstendeleg namn, men veldig presist. Teorien og metoden heng svært nøye saman, og eg vert meir og meir fasinert over dette! 

IoPT Bømlo - terapi, egenutvikling og formidling

Bøker om emnet

Det  finst mange bøker av Dr. Franz Ruppert m.fl. som beskriv både teori og praksis godt. Eg deler alltid, uansett om du kjem til enkelttime eller til grupper, litt av denne spennande teorien. Du kan kjøpe bøker hos meg viss du vil sette deg meir inn i stoffet.

IoPT Bømlo - terapi, egenutvikling og formidling

I ei særstilling

Eg vil påstå at IoPT er i ei særstilling når det gjeld å knyte saman aktuelle livssituasjonar, minner og sår(traumer) frå tidlegare i livet, teori om korleis vi menneske er «skrudd saman», livserfaring og ny evne til å stake ut vegen vidare.

Likevel det viktig å presisere at eg som IoPT-terapeut ikkje behandlar diagnosar eller sjukdomar. Vi jobbar med psykotraumer gjennom den setningen du formulerer for å uttrykke kva du vil undersøkje/finne ut av/forandre på/osv. i ditt liv. Sjå meir om dette her.

IoPT kort sagt

Kort sagt vil eg sei at IoPT handlar om å knyte saman notid vår med fortida vår for betre å skape oss ei god framtid! 

IoPT Bømlo - terapi, egenutvikling og formidling

Vil du vite meir?