Korona frå min plass i verda mars 2020

Eg har nyleg nådd pensjonsalder, og er terapeut i det beste og tryggaste landet i verda. 

Ganske roleg vanlegvis.

Her ein dag måtte eg ein handletur. Hente ein pakke på posten, handle litt mat, gå på grønnsakbilen. I same slengen for eg innom og kjøpte nytt garn (noko må ein jo gjere på), kjøpte ei bursdagsgåve(kan ikkje gløyme barnebarna), var innom malerbutikken (kanskje får eg no endeleg fiksa dei gamle stolane) Så var det berre solkremen att.(våren kjem jo!) Men då for eg heim, orka ikkje meir. Kjende det var noko som skjedde. Vel heime måtte eg konstatere at kroppen var heilt stiv, eg følte meg totalt utslitt og hadde vondt for å puste.

 Var eg blitt sjuk?

Etter å ha summa meg litt kunne eg seie til meg sjølv: No er eg heilt stiv og eg klarar ikkje puste. Eg er redd. (det hjelper å seie ting høgt). 

 Sanseapparatet vårt i ekstraordinære situasjonar

Eg innsåg etterkvart at i denne ekstraordinære situasjonen vi alle er ein del av er der svært mange situasjonar der mange av oss opplever traumetriggarar. Det vil seie at på ein ganske roleg og avbalansert dag kan vi brått bli overvelda av sterke følelsar eller merkelege kroppsreaksjonar. Noko av det vi sansar/opplever vert av amygdala i hjernen registrert som fare ut frå ting vi har opplevd før. Vi blir trigga, det er noko vi ubevisst kjenner igjen. Og kroppen går i alarmtilstand. Eller i frys. Og det kan som oftast knytast til erfaringar tidlegare i livet.

 Traumer, kva er det?

Traume-situasjonar kan vere så mangt, alvorleg sjukdom, ulykker, omsorgssvikt. Slikt vi veit om. Og det kan vere slikt vi ikkje tenkjer på som traumer umiddelbart. Ein tøff fødsel, sjukehusopphald som lite barn utan mor og far, ein forelder med angst. Osv.

Korona-krisa treff oss individuelt

Likevel dristar eg meg til å dele noko av det eg veit mange av oss blir trigga av i desse dagar, beskriv situasjonen og kva det kan trigge. 

Einsemd og isolasjon ------ det er ingen der for meg. Følelsen av å vere forlatt.

Koronaviruset angrip lungene ---- eg klarar ikkje puste, eg manglar oksygen. Eksistensiell angst.

Økonomisk krise og usikkerhet ---------- eg må klare meg heilt sjølv. Fullstendig overveldande.

Usikkerhet og snikande usynleg korona-fare ----------- må vere i konstant alarm, og samstundes splitte av deler av meg sjølv for å klare det. Situasjonen vi står i no kan lett trigge alt frå krigserfaringar til erfaringar med uberegnelege valdelege vaksne og overgrep.

Snakk venleg til deg sjølv

Tenk deg at den som reagerer så sterkt er ditt vesle sårbare barn inne i deg sjølv. Snakk veldig venleg til deg sjølv!

 For deg som har døgnet fullt av ansvar og plikter

Daglegliva våre er særs ulike no. Mange har barn å ta vare på, jobbar å gjere, mykje ansvar. Ein må gjere det som må gjerast. Overleve. Har ikkje tid til refleksjonar og følelsar. Slik er de for mange!  Snakk venleg til deg sjølv, snakk veldig venleg til deg sjølv og gjer det du må. Og finn nokre gode måtar til stressmestring innimellom. Pust. Vi andre heiar på dåke i våre hjarto!

For oss som har god tid i isolasjon 

Bøker.jpg

For oss som har mykje betre tid, meir isolasjon, kan det å forstå traumetriggarane vere til hjelp. Vi som har gått i traumeterapi kan velge å ta følelsar som dukkar opp og kroppslege symptom på alvor, og slik få bearbeida tidlege traumer enno meir. For deg som ikkje har gått i terapi kan det også hjelpe å tenke litt samanheng.  Kanskje kan du av og til få klarhet i kva du føler, eller kva som triggar. Alt som blir litt meir bevisstgjort er bra. Snakk venleg til deg sjølv. Tenk deg at den som reagerer så sterkt er ditt vesle sårbare barn inne i deg sjølv. Snakk veldig venleg til deg sjølv!

Min logiske del og mitt redde barn 

Før korona-alarmen gjekk var det ein del barn som var svært bekymra for klimakrisa. Det beste rådet til foreldre var å ikkje bagatellisere faren, ikkje glatte over, men å seie noko sånnt: «Ja, det er alvorleg, vi veit ikkje korleis det vil gå, men eg lovar deg å gjere alt eg kan, og her er noko du kan gjere (2-3 konkrete råd). Saman kan vi endre ting!» Eg trur at det same rådet er godt brukbart i denne virus tida. Anten det er å snakke med andre eller berre med seg sjølv. 

Det aktiverer den vaksne og logiske delen av oss samstundes som det redde barnet i oss blir ivaretatt. Notid får kontakt med fortid.

 

Og det kjennest GODT å vite at vi gjer det vi kan:

Vi fylgjer råda frå styresmaktene 

Vi er heime så sant vi kan

Vi tar vare på oss sjølve 

Vi ringjer nokon

 

Unngå smitte, unngå å bli ein smittar, vit at om ei stund går det over.

 

Her hos meg har svarttrosten byrja på vårsongen sin. Det er håp i våren!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Previous
Previous

Spring og gøym deg!

Next
Next

Umoglege ord og farlege følelsar