
Terapi
Eg tilbyr terapi både individuelt og i grupper, på dagtid og på kveldstid. Sjå på dei ulike alternativa nedanfor og finn det som passar for deg!
Individuelle avtalar
Her kan du komme og jobbe med dine tema i ditt eige tempo. Du kan komme med store dramatiske hendingar/minner, eller du kan utforske meir daglegdagse, kanskje fastlåste mønster i livet ditt, relasjonar til andre, helseplager osv. Eg leier deg gjennom prosessen, men det er du som gjer alle vala. Eg gir deg også ei enkel innføring i teori og metode.
Halvdagsgruppe
Her får du vere med i ei fast lita gruppe som møtest omlag ein gong kvar månad. Eg gir korte innføringar i tema frå Dr. Ruppert sin teori, og vi arbeider med IoPT-prosessar. Eg ser at når vi møtest slik, over ein lengre periode, kan ei slik gruppe bli eit godt fellesskap, der de kan bli kjent med og trygge på kvarandre. Eg har ei slik fast gruppe. Det er for tida 1 ledig plass i gruppa.

FORANDRING
som å flytte
til nye ståsteder
av sammenheng
— Stein Arne Nistad
Folk treng folk.
Det blir haust, og mørkare om kveldane. Eg inviterer til uformelle kveldar med litt IoPT-informasjon, litt prat og ein stor kopp te. På grunn av begrensa plass i rommet mitt på Rubbestadneset ynskjer eg påmelding. Kjem du? Gratis sjølvsagt.
Lurer du på om IoPT kan vera noko for deg? Eller treng du berre å lufte deg litt, møte litt andre folk, dele tankar og erfaringar? Sjekk datoane framover og meld deg på! Det gjer du under timebestilling (sjå arrangement).
Åpen dag med IoPT:
Dette er ei åpen gruppe eit par gonger i halvåret, inntil 8 timar kvar gong på dagtid. Her kan du få eit innblikk i korleis IoPT arbeidet fungerer. Etter ei økt med teori og samtale arbeider vi praktisk med IoPT-prosessar. Påmelding frå gong til gong. Du kan vere med som observatør/resonansgivar utan å ta opp eigne tema om du ynskjer det.
PS vi ordnar overnatting om du treng det.
NB: Halv pris dersom du er observatør utan eigen prosess.
IoPT på digital plattform.
Eg har mitt eige digitale rom gjennom Whereby. Der kan eg ha både grupper og individuelle timar etter behov. Enkel tilgong via lenke du får tilsendt. Dette er eit godt alternativ når det er vanskeleg å møtast. Og så betyr det ingen ting om ein bur sentralt etter litt utafor allfarvei. Vil du bli med i ei kveldsgruppe?
“Jeg setter stor pris på det som skjer i terapirommet ditt. Du er en veldig god og tilstedeværende terapeut. Jeg føler meg alltid møtt med stor åpenhet og varme. Du har en genuin måte å lede prosessene på som gjør at jeg alltid føler meg trygg og godt ivaretatt både før , under og i etterkant av prosessen. ”
— Kvinne (43).