Personvern & cookies
OPPLYSNINGAR OM EIGAREN AV NETTSTADEN
Namn på føretaket: IoPT Bømlo
Dagleg leiar: Astrid Ersland Sandvik
Adresse: Hetlevegen 9, 5420 Rubbestadneset
Telefonnummer: 411 26 649
E-post: astrid@iopt-bomlo.no
Organisasjonsnummer: 816545412
INFORMASJONSKAPSLAR (COOKIES)
Informasjonskapslar, også kalt cookies, er små tekstfiler som blir plassert i nettlesaren du nyttar. Cookies kan nyttast for forbetra funkjsonalitet og/eller til analyse og marknadsføring.
Eg nyttar ikkje cookies i marknadsføringa mi. På denne sida blir cookies brukt til desse formåla:
Funksjonalitet: Desse er nødvendige for drift av sida, og er ein del av publiseringsplattforma eg nyttar for nettstaden min (Squarespace).
Analyse: Eg nyttar bruker Squarespace Analytics til å analysera bruken av nettstaden. Dette gir meg verdifull informasjon om korleis sida mi blir brukt, men det vert ikkje samla inn personopplysningar. Informasjonen eg får er anonym, og det eg får innsyn i er t.d. talet på besøkande, kva for sider som er besøkt og om sida mi er funnen via sosiale medier, google-søk eller anna.
Cookies frå tredjepart: Eg nyttar MailChimp til å samla inn opplysningar ved påmelding til Nyhetsbrev. Det er også MailChimp som blir brukt til utsending av nyhetsbreva. Cookies frå MailChimp får du ikkje noko med å gjera med mindre du melder deg på nyhetsbrevet. Då vil MailChimp nytta cookies i samband med påmeldinga, og seinare i samband med din interaksjon med nyhetsbreva eg sender ut, slik dei gjer greie for her (det som gjeld deg står under seksjonen Privacy for contacts). Dette godtek du når du melder deg på nyhetsbrevet, og fram til du eventuelt melder deg av.
Når du besøker nettsida mi får du opp eit cookie-banner med informasjon om denne bruken, og du kan velga bort cookies for analyse-føremål om du ønskjer det.
På generelt grunnlag kan du blokkera og tillata cookies gjennom innstillingane dine i nettlesaren. Les meir om korleis du kan gjera dette på nettvett.no.
Her er ein oversikt over kva for cookies frå Squarespace som som vert nytta:
For funksjonalitet:
RecentRedirect: Forhindrar omdirigering av sløyfer for tilpassa URL-viderekoblingar, varer: 30 minutter
ss_cookieAllowed: Hugsar om ein besøkande sa OK eller avviste Squarespace Analytics-informasjonskapslar i nettlesaren sin, varer: 30 dager
Test: Undersøkjer om nettlesaren støttar informasjonskapslar og hindrar feil, varer: økt
For analyse:
ss_cid: Finn unike besøkjande og sporer den besøkande si økt på nettstaden med ikkje identifiserbare opplysningar, varer: 2 år
ss_cpvisit: Finn unike besøkjande og sporer den besøkande si økt på nettstaden med ikkje identifiserbare opplysningar, varer: 2 år
ss_cvisit: Finn unike besøkjande og sporer den besøkande si økt på nettstaden med ikkje identifiserbare opplysningar, varer: 30 minutter
ss_cvr: Finn unike besøkjande og sporer den besøkande si økt på nettstaden med ikkje identifiserbare opplysningar, varer: 2 år
ss_cvt: Finn unike besøkjande og sporer den besøkande si økt på nettstaden med ikkje identifiserbare opplysningar, varer: 30 minutter
HANDTERING AV PERSONOPPLYSNINGAR
Eg tek inn personopplysningar på desse stadane på nettsida mi:
Dersom du fyller ut kontaktskjemet: Opplysningane du legg igjen i kontaktskjemaet er namn, telefonnummer og e-postadresse. Desse opplysningane blir sendt til meg via e-post. Dei blir lagra i systemet mitt, slik at eg kan forholda meg til deg og det du spør meg om.
Dersom du melder deg på til nyhetsbrevet: Opplysningane du sender inn når du melder deg på nyhetsbrevet er førenamn, etternamn og e-postadresse. Tenesta eg nyttar til å samle inn desse opplysningane og til utsending av nyhetsbrev er frå tredjeparten MailChimp. MailChimp lagrar for meg dei opplysningane du legg inn, samt tidspunktet for registrering og IP-adresse. Desse opplysningane vert lagra der så lenge du abonnerer på nyhetsbrevet mitt. Dersom du ønsker å melda deg av nyhetsbrevet, kan du gjera det her, eller via lenke i alle nyhetsbrev som vert sendt ut. Når du melder deg av vert desse opplysningane sletta. Her kan du lesa meir om personvern hos MailChimp (det som gjeld deg står under seksjonen Privacy for contacts).
Dersom du bestiller time: Eg nyttar ein timebestillingmodul frå ein tredjepart, EasyPractice. Når du bestiller time hos meg, legg du inn namn, e-postadresse, telefonnummer og adresse. Desse opplysningane vert lagra for meg hos EasyPractice. Eg nyttar EasyPractice, nettopp for at personopplysningane dine skal bli behandla heilt trygt. Her kan du lesa meir om EasyPractice og personvern.
Eg sel aldri personopplysningane som vert tatt inn på nettstaden min, og deler dei heller ikkje med andre tredjepartar enn dei som er nevnt ovanfor.
ANSVARLEG FOR HANDTERING AV OPPLYSNINGANE
Det er eg, dagleg leiar i føretaket, Astrid Ersland Sandvik, som er ansvarleg for handteringa av personopplysningane eg samlar inn i samband med nettsida mi. Eg bryr meg om personvernet ditt og gjer det eg kan for å følgja reglane som gjeld til ei kvar tid.
DINE RETTAR
Regelverket gir deg rett til innsyn, retting og sletting av personopplysningene eg har lagra om deg. Kontakt meg dersom du ønsker dette eller dersom du har spørsmål.