Spring og gøym deg!

Ulike ord skapar ulike reaksjonar

Ord treff oss på ulike måtar. Eg snakka med ei dame som hadde fått anbefalt ei bok ho MÅTTE lese. For henne var den boka dønn kjedelig! Mange kjenner seg nok igjen! Vi oppfattar så ulikt. Så denne bloggen handler om korleis nye ord kan forklare ting på nytt!

Nokre formelle og vitenskapelige ord

Ein viktig modell.

Dr. Franz Ruppert har gjennom 30 år utvikla og beskrive teorien og metoden som vi kallar IoPT. Det byggjer på mykje kjent utviklingspsykologi og traumeteori. Men eit av hans viktige nyvinnande bidrag er forma i ein enkel modell.  Spaltingsmodellen. Den beskriv kva som skjer med eit menneske som opplever noko overveldande som ein ikkje ut fra alder og psykiske erfaringar klarar å kjempe mot eller flykte frå. Modellen vert flittig nytta i arbeidet mitt, eg er faktisk både svært takksam for og «glad i» den. Om ein kan seie det om ein modell? Men stundom er eg ikkje heilt venn med orda.

Vitenskapelige ord kontra assosiasjonar og bilder.

Smak på desse orda: Spaltingsmodell… fragmentering….traumeoverlevelsesstrategi…. osv.

Dei er presise, nøytrale, gode ord til det formålet dei er laga. Men for eit menneske (les: meg) som ofte får dei største innsiktene i små glimt, bilder og assosiasjonar er det ein jobb for å forstå at modellen faktisk beskriv korleis min psyke og kropp har det og fungerer etter mine påkjenningar gjennom livet. Og forstå at ikkje berre personar med tunge psykiatriske diagnoser er spalta. Med Ruppert sin bruk av desse begrepa gjeld det alle menneske. Det er berre snakk om ulik grad av alvor og av store eller noko mindre konsekvensar.

Spaltingsmodellen

overlevelse ny.001.jpg

Kva er denne spaltinga? 

Det går på å handtere noko som er umogeleg. Kva kan då gjerast?

  • Gje opp viljen sin for å klare seg. Tilpasning.

  • Gje opp den gode kontakten med seg sjølv for å kunne bli akseptert, høyre til, klare seg gjennom.

  • Dissosiere eller kutte ut kontakten med kroppen eller deler av kroppen.

  • Stenge ned fysiske og psykiske følelsar for å halde ut. Gøyme vekk minnene.

  • Osv

Den traumatiserte delen.

Den delen av oss som ber minna om fysiske og psykiske smerter, redsel, skam, vert stua vekk.

Men straks det umoglege hender blir andre mekanismer sett i gang. 

Traumeoverlevelsesstrategiane. 

På samme måte som om du mister synet i ei ulukke vil oppleve at dei andre sansane, høyrsel, lukt, intuisjon blir utvikla enno meir for å kompensere for tapet, på samme måte er det med dei psykiske strukturane. Denne fantastiske evna til å sette i gang, finne måtar å klare seg på er noko vi alle har. Det er slik vi er skrudd sammen. Men dersom ein slik strategi vart utvikla og sett i gang som lite barn forstår vi at det ikkje alltid er like effektivt i godt vaksen alder.

Sunne deler har vi så lenge vi er i live. Eg er meg. Men denne sunnheten har ikkje alltid like gode kår. Kanskje var det naudsynt å jenke seg, tilpasse seg, bli «ein annan». Og når traumatisering først har skjedd betyr dette også at det er vanskeleg å finne god kontakt mellom dei ulike delene. 

Franz Ruppert har ein fin setning som mange har funne håp i:

Alt du treng for å hele traumet har du i deg. Det er tilgjengeleg når du er klar.

Dette tek tid.

Overlevings-strukturane trur at om ein «lettar på lokket» til minnene er ein rett tilbake til då det hende, til skrekken, redselen osv. Det er stor forvirring i tidsaspektet. Jobben er å vakte på avstengte minner. Sunne deler forstår at det er forskjell på fortid og notid, og veit at ein ikkje forgår om ein kjem i kontakt med gamle traume-minner. Det tek tid å bygge opp tilliten.

Å møte seg sjølv

IoPT prosessar er forunderlege møte med meg sjølv, mine ulike deler og minner. Det er som å gjere det usynlege og surrete inni oss synleg og håndterbart slik at vi kan forstå, erkjenne, ha empati med oss sjølve og inkludere alt som høyrer til vårt liv. Vi gjer det ved hjelp av andre personar som resonerer med dei orda vi har valgt ut til prosessen vår, som regel 3 ord. Dei speglar strukturar og minner i psyken og kroppen vår, er deler av vårt indre.

Og omsider kjem eg til overskrifta: Spring og gøym deg!

Ting tar tid.

Personen som hadde denne prosessen har jobba lenge med å nøste opp i kva som har påverka livet, ført til fysiske og psykiske «vondtar». Tilliten mellom overlevingsstrategiar og sunne deler er bygd opp gjennom lang tid.

Når minnene kjem.

Denne dagen var det mange assosiasjonar og bilder som kom fram. I samtalen vart minnene klårare. Minnet av å vera eit lite barn på mors arm, på veg inn i eit hus. Så kom den personen som resonnerte med det eine ordet inn i meir og meir tydelege bilder av at mor vart angripen og valdteken av mannen i huset. Sjokkerande og fullstendig umoglege bilder for eit lite barnesinn. Personen som var i resonans opplevde forutan klåre bilder også fysiske reaksjonar som speila skrekken i hendinga. Kroppen blei forvridd og låste seg heilt. Men midt i kaoset klarte denne delen å rope til den som resonnerte med den vesle barnet: Spring og gøym deg!

Belyse psykiske strukturar.

Vi veit ikkje om det var det som verkeleg hende, at veslejenta gøymde seg for å unngå å høyre og sjå. (eller dissosierte? eller effektivt fortrengte alle minner?) Men det som var tydeleg var at den eine indre delen ville beskytte den andre, og at den delen som ikkje kom seg vekk vart utsett for sjokkerande sterke og uforståelege inntrykk. Altså traumatisert.

Ein juvel av ein setning!

For meg i etterkant har denne vesle setningen står som ein juvel av omsorg og forskrekkelse. 

Spring og gøym deg! = splitt av! Dette er for sterkt for oss. DET ER INGEN ANNAN UTVEG.

Så til alle fragmenterte sårbare menneske: Det var både forskrekkelse og eigenomsorg! Den gongen. 

Og no, når vi strevar for å samle dei fragmenterte «bitane» trengs det også sannelig empati og omsorg for oss sjølve! 

Next
Next

Korona frå min plass i verda mars 2020