Ord & uttrykk i IoPT

Til IoPT høyrer mange ord og omgrep som gjerne er nye for deg før du vert kjend med teorien og metoden. Derfor har eg tatt for meg nokre av desse orda og omgrepa her slik at du kan finne meir ut av kva dei betyr.


Grunnleggjaren av IoPT

Dr Franz Ruppert er psykologi-professor og jobbar ved universitetet for anvendt psykologi i München, Tyskland. I tillegg har han gjennom klinisk arbeid med hundrevis av menneske gjennom mange år utvikla sin eigen teori, Identitetsorientert psykotraume-teori og -terapi (IoPT). Dette er ein teori om korleis traumer oppstår, kva det gjer med psyken vår og kva konsekvensar det kan få for livet vårt.

Intensjonsmetoden

Samstundes vaks det fram ein metode, eit praktisk verktøy for å kunne bearbeide traumene og gradvis finne tilbake til sine sunne deler. Metoden vert kalla Intensjonsmetoden.

IoPT Bømlo - terapi, egenutvikling og formidling

Sunne deler

Vi har alle sunne deler eller strukturar i psyken vår: Eigne tankar, eigne følelsar, eigen vilje, som kan forhalde seg til det som er realitetane - uansett kva som har skjedd. Noko er der, noko har klart seg, og det skal vi bygge på!

BU Blomster på bord.jpg

Traume:

Traume kjem frå gresk og betyr sår, og det viser til hendingar som er overveldande, altfor smertefulle eller skremande til å håndtere. Kroppen går i alarmtilstand og det skjer mange ulike justeringar både fysisk og psykisk for å klare dette. Det som er verdt å merke seg er at dess tidlegare eit traume oppstår dess djupare spor set det. Og alvorlege hendingar seinare i livet legg seg lag på lag.

Psykotraume:

Psykotraume beskriv kva som skjer med psyken når ein blir utsett for overveldande hendingar. Vi har ein evne til å spalte av, dvs. kutte kontakten med kroppen, eller følelsane, eller viljen, eller bevisstheten om at dette skjer med meg. Er det inga hjelp og støtte å få blir denne fragmenteringa verande og vi har fått eit psykotraume.

Traume -følelsar og minner blir haldne på avstand, må haldast på avstand, og det oppstår overlevings-strategiar for å klare seg best mogeleg. Kven har vel ikkje høyrt om folk som jobbar til dei stuper, folk som hjelper «alle», folk som «overlever på sin sterke vilje»? Eller små born som er usedvanleg snille, usynlege og tilpassa?

IoPT Bømlo - terapi, egenutvikling og formidling

Ser ein nøye etter er ofte dette måtar å unngå å kjenne og føle korleis ein verkeleg har det sjølv. Det er psykotraumene, desse fragmenteringane, vi jobbar med i IoPT. Altså er det ikkje den ytre hendinga, men det som skjer inni oss som ein konsekvens som er psykotraumet. Men sidan kroppen er psyken og psyken er kroppen framstår dette arbeidet ofte som veldig fysisk.

Identitet:

Heit frå starten i mors liv er vi heile. Alt ligg klart til det heile mennesket. Kropp og psyke utviklar seg parallelt. Min identitet utviklar seg og veks fram i samspel med mine aller næraste omsorgspersonar.

Kven er eg? Kva vil eg? Har vi fått tidlege psykotraumer er det vanskeleg å finne dette ut. Mange vaksne kan stadfeste at dei ikkje veit sikkert. Kven er eg eigentleg? Det er skam knytta til dette: “Burde jo vita.” “Trudde eg visste.” “Usikker.”

IoPT har denne definisjonen på Identitet: Alle mine livserfaringar heilt frå starten i mors liv og til i dag. Både dei gode og dei vonde. Alt som høyrer til min realitet.

IoPT Bømlo - terapi, egenutvikling og formidling

Identitetsorientert:

Difor er IoPT arbeidet fokusert mot dette at ein kan finne tilbake til seg sjølv. EG og VIL, er sentrale begrep. Dei er begge nøye knytte til identitet. EG VIL inkludere alt som er meg og mitt liv.

Det kan vere eit møysommeleg arbeid å gjenkjenne og forstå overlevingsmønster, erkjenne korleis det var å vere meg, samle avviste og skremde deler og snakke vennleg til seg sjølv. Synest du det høyrest overveldande ut?

Her er ein annan versjon: Dette er tidenes skattejakt, og å finne ein venn i seg sjølv, mitt EG, som står last og brast med meg er betre enn bursdag og julafta på ein gong!