Når det enkle blir vanskeleg
«Det er jo berre å gjere det! Koffor skal det vere så vanskeleg?»
Om strikketøy, traumetriggarar og surrete tankar.
Eg strikkar jakke med hette. Til mitt barnebarn som snart har bursdag. Snart ferdig!! Berre siste biten igjen. Men så kom eg til denne enkle instruksen i oppskrifta: når du har felt ved siste markør, ta tråden rundt neste maske og snu arbeidet. Så enkelt er det. Fram og tilbake, felle og forme ei slags gate frå bakhovudet og fram mot panna. Kva gong ein skal snu arbeidet må ein «ta tråden rundt neste maske og snu.»
Eg tok tråden rundt neste maske på alle dei måtar eg kom på, strevde og prøvde. Det vart ikkje fint. Stort sett klumpar og hol. Søkte hjelp hos ei erfaren strikkevenninne. Ho kom ikkje lenger ho heller. Hadde aldri gjort det slik! Mannen hennar bidrog med sin lune humor: DET VIKTIGSTE ER NOK Å BEHALDE MASKA!!!!!!
Og då var hovudet mitt i gang, leike med orda, assosiere, knytte strikketøyet til liv og lærdom.
Det blir komplisert.
Eg kjenner det igjen. Kanskje gjer du det også?
• Noko som er enkelt og tydeleg blir av og til uoverkommeleg komplisert.
• Eit bilde, ein enkel SMS, ein melodi kan sette i gang ras av sorg, sinne, skam eller redsel.
• Ein praktisk daglegdags ting blir umogeleg. Ein får brått 10 tommeltottar i staden for dei vanlege to.
Held eg på å bli dement?
Nei, det er slett ikkje det. Strikkeoppskrifta mi var ikkje detaljert nok for meg. Det var noko som var innforstått. «ta tråden rundt neste maske og snu». Eg har aldri lært kva det innebær. Tråd, pinnar og masker, snudd og jobba med som ei ny og smartare logisk og praktisk tankerekke, for å forme arbeidet og unngå hol.
Strikkeskiltet.
Eg såg ein gong dette «til ettertanke-skiltet» i eit hus:
Livet er som strikking. Noen dager rette, andre dager vrange.
Hadde det berre vore SÅ enkelt!
For smaken av rett og vrangt har vi kjent på heilt frå vi var små. Kanskje var det enkelt og forståeleg. Kanskje gjorde dei vaksne det noko meir komplisert ved å påstå at det som kjentest ekkelt og feil var rett og godt? Uansett. Vi vart kjent med nokre grunnmønster.
Når følelsane virkar mykje større enn kvardagen.
Men når angsten brått høgg tak eller ei sorg større enn noko kjendt kjensle skyl over ein. kva skal ein gjere då? Korleis skal ein slike dagar «ta tråden rundt neste maske og snu arbeidet»?
Gjeld det då for alt i verda Å BEHALDE MASKA? Late som ingen ting, smile og vere så normal som mogeleg. Eller går det an å finne ut av dette ukjende og overveldande?
Oppskrifter for eit godt liv.
Den beste oppskriftsboka eg har funne for livet heiter IoPT-teori og terapi.
Her kan ein finne grunnmønsteret: trongen for å bli sett, tatt imot, tatt vare på, elska.
Og få beskrivelsen av mange andre rette og vrange mønster.
Traumetriggarar.
Slike ting som dukkar opp brått og overveldar oss vert gjerne kalla traumetriggarar. Det er inntrykk ein får gjennom deler av sanseapparatet (syn, hørsel, lukt, smak, berøring, rørsle) som der og då knyttar seg til minner frå før i livet, gjerne tidleg barndom. Ein kjem i kontakt med sterke følelsar frå hendingar som har vore gøymt og gløymt fordi dei var for farlege, for vonde eller for overveldande. Men kroppen hugsar. Av og til klarar ein ikkje ikkje tvihalde på strategiane for å overleve. Av og til er det som det glepp litt og ein MISTER MASKA for å halde oss til strikkebiletet.
Teori og praksis, oppskrift og handtverk.
IoPT teorien kan gjere slike hendingar forståelege, setje dei i samanhang. Og gjennom terapien kan du varleg leite opp dei maskene du mista, du kan øve på nye måtar å forme livet ditt utan at det vert for mange hol.
Etterord.
Eg fant til sist ei som viste meg korleis eg skulle strikke. Og det var såre enkelt! Akkurat som det stod: «ta tråden rundt neste maske og snu arbeidet». Følelsen, gleda over å endeleg forstå blanda seg med skam over å ha vore så dum. Akkurat som det kan vere når ein finn tilbake til kvardagen der følelsar og tankar har normal storleik og styrke. Og ingenting er overveldande.
Det var jo eigentleg ganske enkelt!