Der det er liv er det håp
På slutten av året er det tid for å skrive julebrev, noko som inneber at ein faktisk må tenkje seg om og prøve å hugse kva som skjedde i året som var. Då kom eg til å tenkje på skvallerkålen.
Irritasjon og lærdom
I løpet av våren spadde, reinska og kasta eg ubeskrivelege mengder av skvallerkålrøtter. I den gamle hagen min er dette ugraset ein av mine argaste fiendar. Men ingen plante har lært meg så mykje om livet.
Skvallerkålen
10-20 cm under overflata er der eit sinnrikt nettverk av røter. Legg du plast over eit stykke jord for å kvele dei, kryp dei mange meter for til slutt dukke opp freidige og sterke langs kanten av plasten. Har du ein steinmur kan du vere sikker på at dei etablerer røter langt inne i muren. Og prøver du å reinske dei vekk, er ein bitteliten gjengløymt rotbit nok til at det dukkar opp ein ny plante neste år.
Assosiasjonar
Men nok om mine kampar mot ugraset. Tenk heller på kva desse plantene får til.
Er ikkje livskrafta formidabel! Er ikkje overlevingmekanismene mangfaldige og smarte! Tenk om vi menneske kunne vore slik! Eller ER vi slik?
Kva om eg samanliknar eigenskapane hos skvallerkålen med det eg har lært i IoPT om livskraft og stayer-evne.
Livskraft frå livets start
Livsmotoren vår starta ved unfangelsen. Eit kvart nytt menneske er eit subjekt heilt frå byrjinga, og ikkje berre ein gjenstand eller eit objekt. Det finn ein plass å feste seg i livmora, gjer alt for å bli godteken av mora sitt immunsystem. Alt frå start har vi ei sterk livskraft. Til å ville leve!
Enno meir livskraft
Mennesket utviklar seg til ein utruleg skapning med psyke og hjerne, organer og kommunikasjonssystem som kan forbløffe einkvar. Heile tida, natt og dag er det noko i sving for å alarmere, balansere, restaurere osv. Hormonsystem, immunsystem, nerver og blodbanar, alt kommuniserer og jobbar. Og planen? Halde oss i live og så friske som mogeleg!
Undring og litt skam
Eg er ikkje utdanna innan helse/biologi men då dette gjekk opp meg vart eg fyllt av undring. Tenk for nokre fantstiske system vi har i oss! (står mykje godt i boka Min kropp, mitt traume, mitt jeg.) Eg kjende og på skam. Tenk kor eg opp gjennom åra har klaga på kroppslege skavankar, og på psykiske fastlåste mønster eg helst ville kvitte meg med.
Å bli kutta i bitar
Dei fleste av oss har sleppe unna ulykker med tap av kroppsdeler eller alvorleg funksjonsnedsetting. Men viss ein ser føre seg dei psykiske skadene som skjer etter traumatiserande hendingar kan biletet frå skvallerkålen illustrere godt. Eg har forklart litt nærare om Psykotraumer på websida mi under Om – Ord og uttrykk i IoPT (link) Fragmenteringa som skjer fører til at dei ulike delene misser den gode kontakten med kvarandre. Kontakten med kroppen og dei ulike funksjonane der blir og skadelidande.
Overlevingsmekanismar
På trass av sjokk og skader lever kropp og psyke vidare etter beste evne. Akkurat som ugraset. Løvetannbarn er jo eit kjent begrep. Barnet som veks opp på trass av dårlege vekstvilkår. Det finns mange overbelastande situasjonar i eit menneskeliv. Særleg i tidlig barnealder er vi ekstra sårbare. Etter innsikt gjennom IoPT ser det ut for at vi alle får sår(traumer) i løpet av livet, og dermed også utviklar strategiar for å fortsatt halde det gåande. På trass av.
Sunne deler. Det er alltid eit håp!
«Sjølv om hundre prosent av menneska i eit samfunn har ein traumatisert psyke, så har hundre prosent av desse menneska fortsatt sunne psykiske strukturar som dei kan falle tilbake på,» seier Dr. Franz Ruppert i boka «Hvem er jeg i et traumatisert samfunn?»
Når vi føler oss sårbare og fragmenterte er dette veldig godt å vite. Og at det går an å jobbe meg seg sjølv så sunne strukturar kan styrkjast og såra(traumene) bearbeidast.
Skvallerkålen gir aldri opp.
Livsmotoren hos skvallerkålen synest å vera ustoppeleg. Kva med deg? Gir du opp?